Om Weiter geht’s

Hovudprinsipp og komponentar

Weiter geht’s er eit læreverk for tysk II på Vg1 og Vg2.

Hovudprinsipp for verket

2. utgåve av Weiter Geht’s fokuserer på at elevane skal kunne uttrykkje eigne ønske, meiningar og kjensler og lære å samhandle om daglegdagse tema. I Weiter geht´s møter elevane eit moderne tysk språk med eit aktualisert innhald som følgjer kjerneelementa i fagfornyinga.

Strukturen i verket er laga for å stimulere til auka ordforråd: Det er eit rikt utval av gloser til alle tekstar, eigne gloselister og at mange av bileta i boka inneheld gloser og frasar som hjelper elevane med å forstå korleis ord blir nytta i ulike kontekstar. Elevane blir inspirerte til munnleg bruk av språket frå dag éin gjennom ulike typar oppgåver.

Ein kombinasjon av autentiske og tilrettelagde tekstar gir god variasjon i vanskegraden. I tillegg kan elevane jobbe vidare med kulturelle uttrykksformer knytte til mellom anna omgangsformer, tradisjonar og skikkar, musikk, kunst og litteratur.

Dei ulike oppgåveformene oppfordrar elevane til å bruke og vidareutvikle eigne strategiar for lesing, skriving, lytting, tale, samhandling, ord- og grammatikklæring.

Komponentane i verket

Weiter geht’s består av ei kombinert tekst- og arbeidsbok, ein rikhaldig nettressurs (lærar og elev) og ein arbeidsgrammatikk.

Tekst- og arbeidsbok

Boka er revidert etter fagfornyinga 2020, og innhaldet følgjer nye kjerneelement og mål:

  • Mange nye tekstar med ulik vanskegrad, både autentiske og tilrettelagde
  • Fleire dialogar og enklare tekstar i kvar leksjon
  • Nye spennande oppgåver – elevane øver heile tida på utviklinga av munnlege og skriftlege ferdigheiter
  • Enda meir fokus på utvikling av ordforrådet enn i tidlegare utgåve
  • Grammatikkoppgåver i slutten av kvar leksjon: «Teste deine Sprache»
  • Landeskunde/Literatur i kvart kapittel
  • Wichtige Wörter und Begriffe: Nyttig side med ord og uttrykk til slutt i kvart kapittel
  • Nytt kapittel med temaet Besser schreiben und sprechen, som gir elevane gode lese- og skrivetips til prøver og eksamen
  • Feste feiern: Eige kapittel om feiringar og høgtider, til bruk når det passar seg

Arbeidsgrammatikk

  • Moderne, forståeleg innføring i alle ordklassar (Minigrammatikk) med mange kreative forslag
  • Inneheld alle grammatikktema ein skal jobbe med på tysk II
  • Grammatikken blir forklart på ein enkel og forståeleg måte og innbyr til vidare øving
  • Meir enn 200 oppgåver, der tema blir gjennomgått på ein levande og konkret måte
  • Målet er at elevane skal meistre det grammatiske grunnlaget for tysk

Nettressurs

  • Gloser: omsetjingsoppgåver med gloser frå kvart kapittel i boka
  • Grammatikk: rikhaldig utval av interaktive grammatikkoppgåver
  • Landeskunde: tekstar om dei ulike delstatane i Tyskland, med oppgåver
  • Lærardel med fasit, undervisningsopplegg og nyttige tips

Om forfattaren

Anne-Marie Schulze er cand.philol. frå Universitetet i Oslo og Christian Albrechts Universität i Kiel med tysk, norsk og latin i fagkrinsen. Ho har mange års undervisningserfaring frå grunnskole og vidaregåande skole og jobbar til dagleg som lektor i norsk og tysk ved Kristelig Gymnasium i Oslo.

Ho har også skrive tyskverka Los geht’s og Servus og skrive innhald til nettressursen Noch weiter, og er i tillegg medforfattar på norskverket Intertekst og #-serien.

Grunnleggjande ferdigheiter

Dei grunnleggjande ferdigheitene skal prioriterast i alle fag. I tyskfaget er ferdigheitene integrerte i kompetansemåla, på faget sine eigne premissar. På nettstaden til Utdanningsdirektoratet kan du lese meir om dei grunnleggjande ferdigheitene i framandspråk.

Dei grunnleggjande ferdigheitene er

  • munnlege ferdigheiter
  • å kunne skrive
  • å kunne lese
  • digitale ferdigheiter

Oppgåvene i Weiter geht’s er lagde opp slik at elevane skal få rikeleg med moglegheiter til å arbeide med både dei reseptive, interaktive og produktive ferdigheitene, det vil seie å snakke, lytte, skrive og lese.

Nedanfor følgjer ei kort utgreiing om tankane bak ferdigheitstreninga og dei ulike oppgåvetypane i Weiter geht’s.

Snakke og lytte

Det er lagt opp til mange ulike typar munnlege oppgåver i både læreboka og i nettressursen, slik at elevane skal få høve til å snakke og høyre tysk allereie frå første leksjon.

Worum geht’s? er oppgåver som stiller konkrete spørsmål til tekstane. I desse oppgåvene dreier det seg i stor grad om reproduksjon av setningar frå teksten, og det skal vere lett for elevane å finne svaret. Elevane treng som regel ikkje konstruere eigne setningar, men kan i stor grad gjenta setningar direkte frå boka. Dette gjer det enkelt for elevane å prøve ut språket og vise at dei har forstått teksten.

Sag mal was! er forslag til munnlege aktivitetsoppgåver der elevane kan arbeide vidare med hovudtemaet i leksjonen. Her skal elevane få høve til å jobbe friare med det munnlege enn i Worum geht’s-oppgåvene. Dette krev også meir av elevane ettersom dei må setje saman og konstruere eigne setningar og tankar. Det er med andre ord lagt vekt på at elevane skal få høve til å bruke det tyske språket i ulike situasjonar. Det er samstundes viktig at dei blir trygge på at det er lov til å prøve og feile, at dei utviklar vilje til å snakke tysk, og at hovudsaka nødvendigvis ikkje er det språkleg korrekte.

For å byggje opp god lytteforståing bør det også bli lagt vekt på at elevane får sjansen til å trene denne ferdigheita. Alle tekstane i læreboka er lesne inn, slik at elevane kan høyre autentisk tysk i klasserommet. Lydfilene vil du finne i nettressursen til Weiter geht’s.

For at elevane skal bli bevisstgjorde om si eiga språkutvikling, kan det vere ein idé å leggje opp til ulike aktivitetar som inneber at dei arbeider aleine eller i grupper med munnlege aktivitetar på tysk. Det kan til dømes vere førebudd eller uførebudd innlesing av tekst, fri forteljing eller eigne dialogar. Desse kan eventuelt brukast i samband med mappevurdering eller som aktivitet i klasserommet. På denne måten kan elevane følgje og samanlikne si eiga språkutvikling når det gjeld uttale, ordforråd, språkstruktur og flyt i språket.

Skrive

Schreib mal was!-oppgåvene legg opp til at elevane skal få god trening i å uttrykkje seg skriftleg. I læreboka og på nettstaden finn du skriveoppgåver i aukande grad etter som elevane tileignar seg meir og meir tysk. Det er viktig at alle, både nybegynnarar og vidarekomne, får moglegheita og tryggleiken til å kunne skrive tysk og sjå at bodskapen faktisk kjem fram og blir forstått, sjølv om ikkje alt er rett stava eller bøygt. Både læreboka og nettstaden inneheld mange ulike skriveoppgåver, frå små dialogar og dikt til lengre tyske forteljingar og tekstar.

Lese

Når ein lærer eit anna språk, er det viktig å få høve til å lese mykje. I Weiter geht’s møter elevane mange ulike typar tekstar – til dømes dialogar, kortare og lengre tekstar, eventyr, dikt, songar, noveller, rim og vitsar – slik at dei skal få sjansen til å lese ulike sjangrar på framandspråket.

Mange av dei autentiske tekstane er skrivne om eller forkorta, slik at dei er tilpassa vanskegraden i verket og det forventa ferdigheitsnivået til elevane. Mange tekstar introduserer eit grammatikkfenomen eller eit anna tema og bør lesast og bli gjennomgått grundig i klassen. Men ikkje alle tekstane må lesast like inngåande av alle elevane. Enkelte gonger kan du som lærar velje å behandle eit tema felles i gruppa, andre gonger kan elevane arbeide aleine eller i små grupper med tekstar dei har valt ut sjølve.

Nokre av tekstane kan kanskje verke lange eller vanskelege for ein del elevar, men når ein trenar leseforståinga, er det viktigare å forstå heilskapen og oppdage samanhengen enn å forstå kvart enkelt ord i teksten.

Digitale ferdigheiter

Oppgåvene i nettressursen til Weiter geht´s gir elevane trening i å bruke og søkje etter relevant informasjon med digitale verktøy. I den nye nettressursen har vi valt å fokusere på det som blir mest brukt: gloser og grammatikk. Det er omsetjingsoppgåver med gloser frå kvart kapittel i boka, og det er eit rikt innhald av interaktive grammatikkoppgåver. Til kvart Bundesland er det laga tekstar og oppgåver som du kjem til via eit interaktivt kart der du kan ta «ei virtuell reise» gjennom Tyskland.

I grammatikkverktøyet finn elevane eit rikhaldig utval av sjølvinstruerande oppgåver, til dømes utfyllingsoppgåver, faktakoplingsoppgåver, dra-og-slepp-oppgåver og omsetjingsoppgåver, til dei ulike ordklassane. Oppgåvene er differensierte i tre vanskegradar, markerte med stjerner.

Sosial kompetanse

I tillegg til dei grunnleggjande ferdigheitene som er skisserte ovanfor, speler også sosial kompetanse ei sentral rolle i faget. Sosial kompetanse handlar om kor stor evne individet har til å samspele med andre i ulike situasjonar. I skolesamanheng snakkar ein om utvikling av empati, samarbeidsferdigheiter, sjølvhevding, sjølvkontroll og ansvar, leik, glede og humor.

Forsking viser at musikk, kultur, kreative fag og vektlegging av estetikk har positiv innverknad på læringsmiljøet når det blir brukt aktivt og bevisst. I tillegg til klart definerte oppgåver og vurderingskriterium er det også viktig med fridom til å sleppe kreativiteten og fantasien laus for å auke dei sosiale ferdigheitene.

Den sosiale kompetansen som elevane skal tileigne seg, må etterspørjast, oppmuntrast og verdsetjast i læringsmiljøet rundt dei, og det må leggjast til rette for at dei kan bruke dei sosiale ferdigheitene sine. I tillegg til dei mange oppgåvene i Weiter geht’s som legg opp til samarbeid i grupper, speler Du bist dran!-oppgåvene ei sentral rolle når det gjeld sosial kompetanse. I desse oppgåvene blir det lagt stor vekt på kreativitet og leik og moro gjennom mellom anna rollespel og andre typar spel og kreative aktivitetar i klassen.

Læreplanen for framandspråk (FSP01 02)

Kompetansemål og vurdering

Faget tysk II følgjer læreplanen for framandspråk nivå II.

Kompetansemål etter nivå II

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • lytte til og forstå tydeleg tale om personlege og fagleg relevante emne og aktuelle saker
  • samtale i ei rekkje daglegdagse situasjonar om kjende og fagleg relevante emne
  • munnleg forklare fagleg relevante emne, skildre opplevingar, hendingar og planar og grunngi meiningar, også spontant
  • lese og forstå ulike typar tekstar, også autentiske, om personlege og fagleg relevante emne og aktuelle saker
  • skrive ulike teksttypar om personlege og fagleg relevante emne og uttrykkje og grunngi eigne meiningar, med og utan hjelpemiddel
  • bruke grunnleggjande språklege strukturar, reglar for uttale og rettskriving og det offisielle alfabetet eller teikna til språket for å kommunisere på ein situasjonstilpassa måte
  • bruke relevante lærings- og kommunikasjonsstrategiar, digitale ressursar og erfaringar frå tidlegare språklæring i læringsprosessen
  • utforske og gjere greie for mangfald, samfunnsforhold og historiske hendingar i område der språket blir snakka, og sjå samanhengar med eigen bakgrunn
  • utforske og presentere kunstnarlege og kulturelle uttrykk frå område der språket blir snakka, og gjere greie for eigne opplevingar

 

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

nettsidene til Utdanningsdirektoratet finn du også meir informasjon om faget, til dømes formål, grunnleggjande ferdigheiter og vurdering.

Kommentert lenkjesamling

AVISER:

http://www.faz.net/

Nettsidene til Frankfurter Allgemeine Zeitung

http://www.sueddeutsche.de/

Nettsidene til Süddeutsche Zeitung

http://www.taz.de/

Nettsidene til Taz – Die Tageszeitung

http://www.welt.de/

Nettsidene til Die Welt

http://www.bild.de

Nettsidene til Bild

http://www.tagesspiegel.de/

Nettsidene til Der Tagesspiegel

http://www.fr-aktuell.de/

Nettsidene til Frankfurter Rundschau

 

VEKEBLAD:

http://www.zeit.de/

Nettsidene til Die Zeit

http://jetzt.sueddeutsche.de/

Nettsidene til Jetzt – Süddeutsche Zeitung

http://www.spiegel.de/

Nettsidene til Der Spiegel

http://www.stern.de/

Nettsidene til Der Stern

 

NETTSIDER FOR BARN OG UNGDOM:

http://www.bravo.de/

Nettsidene til Bravo

http://www.spiesser.de/

Nettsidene til Spiesser

http://www.blondmag.com

Nettsidene til Blond

http://www.sowieso.de/

Nettsidene til Sowieso – Nachrichten für Kinder

 

TV:

http://www.daserste.de/

Nettsidene til Das Erste (ARD)

http://www.zdf.de/

Nettsidene til ZDF

http://www.wdr.de/

Nettsidene til WDR

http://www.arte-tv.com/

Nettsidene til Arte

 

KULTUR:

http://www.laut.de

På laut.de finn du oversikt over artistar, musikknytt og eit pop-leksikon

http://webmuseen.de

Nettsider med informasjon om museum og utstillingar i Tyskland

www.karneval.org

Nettsider med fakta om karneval og om korleis det blir feira på ulike stader

www.dfb.de

Nettsidene til den tyske Bundesliga

www.snowboarden.de

På snowboarden.de kan du lese alt om snøbrett

http://www.gratis-gedicht.de/

Nettside med dikt, eventyr, fablar osv.

http://www.germany.travel/de/index.html

Nettsidene til tysk reiselivsportal

http://www.goethe.de/

Nettsidene til Goethe-Institut

 

TYSKE BUNDESLAND:

www.baden-wuerttemberg.de

Nettsidene til Baden-Württemberg

www.bayern.de

Nettsidene til Bayern

www.berlin.de

Nettsidene til Berlin

www.brandenburg.de

Nettsidene til Brandenburg

www.bremen.de

Nettsidene til Bremen

www.hamburg.de

Nettsidene til Hamburg

www.hessen.de

Nettsidene til Hessen

www.mecklenburg-vorpommern.de

Nettsidene til Mecklenburg-Vorpommern

www.niedersachsen.de

Nettsidene til Niedersachsen

www.nordrhein-westfalen.de

Nettsidene til Nordrhein-Westfalen

www.rheinland-pfalz.de

Nettsidene til Rheinland-Pfalz

www.saarland.de

Nettsidene til Saarland

www.sachsen.de

Nettsidene til Sachsen

www.sachsen-anhalt.de

Nettsidene til Sachsen-Anhalt

www.schleswig-holstein.de

Nettsidene til Schleswig-Holstein

www.thueringen.de

Nettsidene til Thüringen

 

ORDBØKER:

http://www.heinzelnisse.info/

Nettsidene til Heinzelnisse (tysk–norsk/norsk–tysk ordbok)

www.duden.de

Nettsidene til Duden (tysk–tysk ordbok)

 

Å LÆRE TYSK:

www.goethe.de/www.goethe.no

På nettsidene til Goethe-Institut finn du mange tekstar og oppgåver på tysk.

http://www.tyskopgaver.dk/

På denne danske nettsida kan du finne grammatikkoppgåver, spel og tekstar på alle nivå.

http://www.blinde-kuh.de/spiele/passt-nicht/

På nettsida blinde-kuh.de kan du øve på tyske gloser gjennom ordspel.

http://www.schubert-verlag.de/aufgaben/uebungen_a1/a1_uebungen_index.htm

På nettsidene til det tyske forlaget Schubert Verlag kan du ta mange ulike øvingar for å forbetre tysken din.

http://www.deutschlinks.net/

På nettsida deutschlinks.net finn du mellom anna mange ulike øvingar, grammatikkoppgåver og dikt.

http://www.lehrer-online.de/daf.php?sid=20941764392892382130322242226790

På nettsidene til lehrer-online.de finn du mange gode tips til tyskundervisninga.

http://www.canoo.net/

På nettsida til canoonet finn du ordbok og minigrammatikk.

Pedagogiske leikar

Glosebingo

Elevane skriv opp nokre gloser (til dømes fem) på tysk frå den aktuelle leksjonen. Alle vel sjølv sine eigne gloser. Læraren les opp ord for ord frå leksjonen på norsk, og elevane kryssar av når deira ord blir lesne opp. Alt går føre seg i stillheit. Den eleven som først har kryssa av alle glosene sine, roper «bingo!». Kan også brukast om tal, bokstavar, verb, adjektiv, substantiv osv.

 

Glosegalopp

Dette er ein morosam måte å ha «gloseprøve» på. Del klassen i to (eller meir). Læraren står framme og seier ei glose (på norsk) frå leksjonen dei har i lekse til den dagen. Kvar gruppe må diskutere saman og finne det rette svaret og sende ein representant opp så fort som mogleg for å skrive ordet på tavla. Rett svar gir eitt poeng på tavla. Gruppa har ikkje lov til å sende den same personen opp meir enn éin gong – på denne måten må alle samarbeide, og alle får delta.

 

Elevstyrte gloseprøver

La elevane lage gloseprøver sjølve og rette for kvarandre.

 

1-minutts foredrag

Lag kort med ulike tema. Elevane trekkjer eitt temakort kvar og snakkar på tysk i eitt minutt om dette temaet, til dømes: Auto. Es fährt schnell. Mein Lieblingsauto ist BMW. Das Auto kommt aus Deutschland … Andre emne kan til dømes vere: Mein Freund/Meine Freundin, Mein Hobby, Meine Familie osv. Denne aktiviteten kan også varierast ved at eleven ikkje nemner temaet på kortet i presentasjonen (og at dei andre elevane skal gjette kva tema han eller ho presenterer), med førebuing heime, at elevane får ta med ting og vise fram, bruk av støtteord/-ark og framføring for små grupper, for læraren eller for heile klassen.

 

Wer bin ich?

Ein elev skal vere «hemmeleg gjest», og dei andre skal prøve å finne ut kven han eller ho er. Det er berre lov til å stille ja/nei-spørsmål.

 

Memory

Klipp ut kort. To og to kort har lik tekst. Alle tema kan brukast. Elevane speler i grupper på to til fire personar. Korta ligg med den blanke sida opp. Deltakarane må hugse kvar para er gøymde. Elevane bør kunne setje om eller bøye orda før dei får stikket.

 

Kryssordleikar

Vel eit langt ord (til dømes Fußballmannschaft). Skriv det på tavla eller på eigne ark (avhengig av om ein leikar i plenum eller i grupper). Finn deretter ord som skal setjast inn loddrett, slik at dei passar inn med begynnarordet (det treng ikkje passe vassrett). I dette dømet må ein finne 17 ord som skal passe inn. Leiken eignar seg godt som gruppekonkurranse.

 

Ordjakt

Her skal ein finne flest ord på tysk innanfor eit gitt emne på kortast mogleg tid. Døme: klede, møblar osv. Leiken eignar seg godt som gruppekonkurranse.

 

Ordstafett

Alle elevane står når leiken startar. Læraren begynner med å seie eit ord, til dømes Winter. Den som står ved sida av, må finne et nytt ord som begynner med siste bokstav i ordet som vart sagt, Winter–Regen–Nase–Elch–Hose … Den som ikkje finn på noko, må setje seg. Den siste som står att, har vunne. Kan også spelast i mindre grupper eller éin og éin.

 

Ord + ord

Ein elev eller læraren begynner med eit ord, neste elev held fram, til dømes: die, die Sonne, die Sonne scheint, die Sonne scheint und … Setninga(ne) kan skrivast på tavla etter kvart. Kanskje blir det ei lita forteljing til slutt?

 

Seie alle tal bortsett frå …

Elevane tel høgt i smågrupper. Når dei kjem til et bestemt tal, til dømes 3, skal dei seie noko anna, til dømes «Auto» eller «Hallo». Dei skal unngå talet 3, tal som kan delast med 3, og andre tal som inneheld 3 (23, 13, 73 osv.), og alltid seie det ordet som er valt når dei kjem til slike tal. Dei som bommar, er ute av konkurransen. Den som står att til slutt, har vunne.

 

Stolleik

Éin elev står i midten mens dei andre elevane sit på kvar sin stol i ein ring rundt med ryggen innover. Den som står i midten, skal seie noko om seg sjølv på tysk. Døme: Ich bin 16 Jahre alt / Rot ist meine Lieblingsfarbe / Ich mag Rammstein / Ich komme aus Norwegen / Ich spiele Fuβball / Ich trage Jeans … Alle andre som dette også stemmer for, må reise seg og finne ein ny stol å sitje på – det er ikkje lov å setje seg på den stolen ein sat på sist! Alle oppreiste, inkludert «utroparen», spring altså rundt etter ein av stolane til dei andre. Den som ikkje finn ein stol, må stå i ringen og seie noko om seg sjølv. Dersom ein seier noko som ikkje stemmer for nokre andre, må ein finne på noko nytt.

 

Undervisningsopplegg Landeskunde

Baden-Württemberg

 

Schreib mal was!

In dieser Übung können die Schüler ihre schriftlichen Fähigkeiten durch kreatives Schreiben verbessern. Die folgenden Schreibaufgaben können allein oder zu zweit geschrieben werden.

  1. Interview mit Albert Einstein.
  2. Ein Tag auf dem Bodensee.
  3. Mein Lieblingslied von Xavier Naidoo. Wie heißt es und worum geht es in dem Lied? Liedervorschlag: „Sehnsucht“, „Dieser Weg“, „Was wir alleine nicht schaffen“.
  4. Eine Werbebroschüre für die Landeshauptstadt Stuttgart.

 

Schreib mal was!

Die Schüler können den Text „Dieser Weg“ von Xavier Naidoo ins Norwegische übersetzen:

Also ging ich diese Straße lang und die Straße führte zu mir.
Das Lied, das du am letzten Abend sangst, spielte nun in mir.
Noch ein paar Schritte und dann war ich da mit dem Schlüssel zu dieser Tür.

Dieser Weg wird kein leichter sein, dieser Weg wird steinig und schwer.
Nicht mit vielen wirst du dir einig sein, doch dieses Leben bietet so viel mehr.

Es war nur ein kleiner Augenblick, einen Moment war ich nicht da.
Danach ging ich einen kleinen Schritt und dann wurde es mir klar.

Dieser Weg wird kein leichter sein, dieser Weg wird steinig und schwer.
Nicht mit vielen wirst du dir einig sein, doch dieses Leben bietet so viel mehr.

Manche treten dich, manche lieben dich, manche geben sich für dich auf.
Manche segnen dich, setz dein Segel nicht, wenn der Wind das Meer aufbraust.
Manche treten dich, manche lieben dich, manche geben sich für dich auf.
Manche segnen dich, setz dein Segel nicht, wenn der Wind das Meer aufbraust.

Dieser Weg wird kein leichter sein, dieser Weg wird steinig und schwer.
Nicht mit vielen wirst du dir einig sein, doch dieses Leben bietet so viel mehr.

Dieser Weg wird kein leichter sein, dieser Weg wird steinig und schwer.
Nicht mit vielen wirst du dir einig sein, doch dieses Leben bietet so viel mehr.

Dieser Weg (…) dieser Weg ist steinig und schwer.
Nicht mit vielen wirst du dir einig sein, doch dieses Leben bietet so viel mehr.

Dieser Weg.

 

Sag mal was!

Ein Lied von Xavier Naidoo singen

Die Schüler können ein Lied von Xavier Naidoo auswendig lernen und es mit einer Karaokeversion der Klasse vortragen.

 

 

Bayern

 

Worum geht’s?

In den Aufgaben „Worum geht’s?“ können die Schüler mündlich oder schriftlich, individuell oder in der Gruppe arbeiten. Hier geht es darum, den Textinhalt zu besprechen.

  1. Welche Stadt ist die Landeshauptstadt von Bayern?

  2. Was ist Neuschwanstein?

  3. Was bekommt man, wenn man Prinzregententorte bestellt?

  4. Welche bekannten Skiorte liegen in Bayern?

  5. Wer war Bertolt Brecht?

  6. Was ist das Oktoberfest, und wo wird es gefeiert?

 

Schreib mal was!

Das Buch über Bayern

In dieser Übung können die Schüler ihre schriftlichen Fähigkeiten durch kreatives Schreiben verbessern. Die folgenden Schreibaufgaben können allein oder zu zweit gemacht werden.

Die Texte können zum Beispiel in einem „Bayernheft“ gesammelt und dann an alle verteilt werden.

  1. Ein Gespräch auf dem Oktoberfest.

  2. Interview mit dem Märchenkönig.

  3. Ein Interieurmagazin besucht Neuschwanstein. Was sehen sie? Schreibe den Bericht.

  4. Ein Tag in München. Was passiert?

  5. Die Postkarte aus dem Skiurlaub in Oberstdorf. Es kann entweder …

    a) … eine glückliche Urlaubskarte sein, oder

    b) … von einem Unfall auf der Skipiste handeln

 

 

Sag mal was!

Das Gedicht von Brecht

Bei dieser Aufgabe können die Schüler in kleinen Gruppen arbeiten.

Die Schüler sollen das Gedicht Und was bekam des Soldaten Weib von Bertolt Brecht auswendig lernen und es der Klasse vortragen.

Jeder Schüler trägt eine Strophe vor.

 

Du bist dran!

Werbung für Bayern

In dieser Aufgabe sollen die Schüler einen Werbefilm oder eine digitale Erzählung über ein bekanntes bayerisches Produkt machen.

Sie können z. B. für ein Auto, eine Spezialität oder eine Gegend in Bayern werben.

 

Du bist dran!

Schuhplatteln

Die Schüler können in Youtube verschiedene Versionen vom Tanz „Schuhplattler“ sehen.

Danach können sie in Gruppen ihre eigenen bayerischen Tänze einstudieren und präsentieren.

 

 

Berlin

 

Worum geht’s?

In den Aufgaben „Worum geht’s?“ können die Schüler mündlich oder schriftlich, individuell oder in der Gruppe arbeiten. Hier geht es darum, den Textinhalt zu besprechen.

  1. Wie hoch ist der Fernsehturm?

  2. Was ist das Tacheles und was bedeutet das Wort eigentlich?

  3. Was kostet eine Stadtrundfahrt mit dem 100er-Bus?

  4. Was ist das Besondere am Berliner Zoologischen Garten?

  5. Erzähle von der East Side Gallery.

  6. Warum ist Berlin eine Wasserstadt?

  7. Was ist Tropical Island?

  8. Welche bekannten Museen befinden sich auf der Museumsinsel?

 

Schreib mal was!

In dieser Übung können die Schüler ihre schriftlichen Fähigkeiten durch kreatives Schreiben verbessern. Die folgenden Schreibaufgaben können allein oder zu zweit erledigt werden. Die Schüler wählen das Genre selbst.

  1. Wähle eine Berliner Sehenswürdigkeit und schreibe einen Text darüber.

  2. Du hast gerade Berlin besucht. Was hast du erlebt? Schreibe einen Text mit der Überschrift: Mein Berlin – eine Geschichte.

 

Schreib mal was!

East Side Gallery

Die Schüler können im Internet verschiedene Fotos von der East Side Gallery finden. Jeder Schüler wählt ein Motiv, das er mag, und schreibt einen Text dazu.

Der Text kann eine Beschreibung sein oder als Inspiration für einen literarischen Text dienen. 

 

Schreib mal was!

Wo sind die Stadtteile?

Die Schüler können die leere Berlinkarte (siehe Kopie/Original vom Lehrer) benutzen und die Stadtteile von Berlin in die Karte schreiben.

Wo liegen Mitte, Prenzlauer Berg, Charlottenburg, Schöneberg, Kreuzberg etc.?

 

Brandenburg

 

Worum geht’s?

In den Aufgaben „Worum geht’s?“ können die Schüler mündlich oder schriftlich, individuell oder in der Gruppe arbeiten. Hier geht es darum, den Textinhalt zu besprechen.

  1. Wie heißt die Landeshauptstadt von Brandenburg?

  2. Was ist Babelsberg?

  3. Woher wissen richtige Kenner, dass es sich um eine Gurke aus dem Spreewald handelt?

  4. Was ist Sanssouci und wo kann man es besuchen?

  5. Wo kann ein Schiff mit einem Fahrstuhl fahren?

  6. Was ist das Besondere an Linum?

  7. Was ist die Havel?

 

Schreib mal was!

In dieser Übung können die Schüler ihre schriftlichen Fähigkeiten durch kreatives Schreiben verbessern. Die folgenden Schreibaufgaben können allein oder zu zweit erledigt werden.

  1. Wähle einen der Filme, der in Babelsberg gedreht wurde, und schreibe eine Zusammenfassung des Films.

  2. „Die Spreewaldgurke – die beste Gurke der Welt“. Schreibe einen Text unter diesem Motto.

  3. Schreibe einen Text mit dem Titel: „Brandenburg aus der Perspektive eines Storches“.

 

 

Bremen

 

Worum geht’s?

In den Aufgaben „Worum geht’s?“ können die Schüler mündlich oder schriftlich, individuell oder in der Gruppe arbeiten. Hier geht es darum, den Textinhalt zu besprechen.

  1. Wie heißt die bekannte Fußballmannschaft von Bremen?

  2. Welches sehr nette Hotel befindet sich in Bremen?

  3. Was ist „Der Schnoor”?

  4. Wovon handelt das Märchen „Die Bremer Stadtmusikanten“?

  5. Was bekommt man, wenn man in Bremen Labskaus bestellt?

 

Schreib mal was!

In dieser Übung können die Schüler ihre schriftlichen Fähigkeiten durch kreatives Schreiben verbessern. Die folgenden Schreibaufgaben können allein oder zu zweit erledigt werden.

  1. Du bist bei einem Spiel von Werder Bremen. Schreibe einen Kommentar für die Lokalzeitung in Bremen.

  2. Du bist zum Bremer Karneval eingeladen, aber hast keine Ahnung, was du anziehen willst. Schreibe einen Text darüber.

  3. Schreibe einen Dialog, in dem du ein Hotelzimmer in dem Hochzeitshaus in Bremen bestellst.

 

Zeichne mal was!

Die Schüler können eigene Zeichnungen von Roland machen und dazu eine Beschreibung geben.

Wie sieht der Roland der Schüler aus?

 

Du bist dran!

Die Bremer Stadtmusikanten

Die Schüler können in kleinen Gruppen aus dem Märchen Die Bremer Stadtmusikanten ein Drama machen und das Schauspiel der Klasse präsentieren. 

 

 

Hamburg

 

Worum geht’s?

In den Aufgaben „Worum geht’s?“ können die Schüler mündlich oder schriftlich, individuell oder in der Gruppe arbeiten. Hier geht es darum, den Textinhalt zu besprechen.

  1. Was ist die Reeperbahn?

  2. Was ist „der Michel“?

  3. Aus welchen Zutaten besteht „Labskaus“?

  4. Wer war der bekannteste Pirat aus Norddeutschland?

  5. Was ist ein Stadtstaat?

  6. Was ist „Hagenbeck“?

  7. Wie viele Quadratmeter Grundfläche hat das Chilehaus?

  8. Beschreibe zwei bekannte Sehenswürdigkeiten in Hamburg.

  9. Was ist „Plattdeutsch“?

 

Schreib mal was!

In dieser Übung können die Schüler ihre schriftlichen Fähigkeiten durch kreatives Schreiben verbessern. Die folgenden Aufgaben können allein oder zu zweit geschrieben werden.

  1. Stell dir vor, dass du in Hamburg wohnst. Du sprichst mit einer Freundin/einem Freund aus einer anderen Stadt in Deutschland. Was erzählst du über Hamburg?

    Benutze diese Stichwörter, wenn du erzählst: zweitgrößte Stadt Deutschlands, der Hafen, die Elbe, Kanäle, der Fischmarkt, ein bekannter Stadtteil.

  2. Mache eine Werbung oder eine Infobroschüre für den Tierpark Hagenbeck.

  3. Die Abenteuerfahrt mit Klaus Störtebeker und seinen Piraten.

    Du hast eine Reise mit dem Piratenschiff gemacht und schreibst jetzt eine Story für die Schülerzeitung.

 

Sag mal was!

Fettes Brot

Die Schüler suchen sich ein Lied von der Gruppe Fettes Brot aus.

a) Wovon handelt das Lied? Fasse kurz zusammen.

b) Wie ist die Sprache?
(Reime, kurze Sätze, Wortwahl – Verben, Adjektive, Substantive …)

c) Sucht fünf Wörter, die ihr vorher nie gehört habt, und lernt sie auswendig.

 

 

Hessen

 

Worum geht’s?

In den Aufgaben „Worum geht’s?“ können die Schüler mündlich oder schriftlich, individuell oder in der Gruppe arbeiten. Hier geht es darum, den Textinhalt zu besprechen.

  1. Wie heißt die Hauptstadt von Hessen?

  2. Warum ist der Hessenpark so bekannt?

  3. Was ist „Ahle Wurst“ und was bedeutet das Wort „ahle“?

  4. Was ist das Besondere am Frankfurter Flughafen?

  5. Warum wird Frankfurt oft „Mainhattan“ genannt?

  6. Wer war Goethe?

  7. Nenne zwei Märchen der Brüder Grimm.

  8. Was ist die Documenta?

 

Schreib mal was!

Bei dieser Übung können die Schüler ihre schriftlichen Fähigkeiten durch kreatives Schreiben verbessern. Die folgenden Schreibaufgaben können allein oder zu zweit erledigt werden.

  1. Lies ein Gedicht von Goethe und schreibe eine kurze Analyse.

    Tipps: Im Textbuch (siehe Seite 253) findest du einen Vorschlag zur literarischen Analyse, den du gern verwenden kannst.

  2. Schreibe einen Text über dein Lieblings-Wurstgericht.

  3. Mache eine Bilderpräsentation von Hessen, in der du die schönsten Gegenden zeigst.

 

Du bist dran!

Ein Märchen der Brüder Grimm

Die Schüler können in kleinen Gruppen arbeiten und ein Märchen von den Brüdern Grimm dramatisieren.

Die Gruppen suchen Kostüme aus, schreiben Dialoge zu dem Märchen und präsentieren es der Klasse.

Vorschläge: „Rotkäppchen“, „Hänsel und Gretel“, „Schneewittchen“, „Dornröschen“

 

Sag mal was!

Für diese Aufgabe sollen die Schüler ein Gedicht von Goethe auswählen.

Die Schüler lernen das Gedicht auswendig und tragen es der Klasse vor.

Vorschläge: „Wanderers Nachtlied“, „Heidenröslein“, „Erlkönig“, „Prometheus“

 

 

Mecklenburg-Vorpommern

 

Worum geht’s?

In den Aufgaben „Worum geht’s?“ können die Schüler mündlich oder schriftlich, individuell oder in der Gruppe arbeiten. Hier geht es darum, den Textinhalt zu besprechen.

  1. Wie heißt die Hauptstadt von Mecklenburg-Vorpommern?

  2. Welche Insel ist die größte in Deutschland?

  3. Wer war Caspar David Friedrich?

  4. Welche Motive hat Caspar David Friedrich gern gewählt?

  5. Was liegt auf einer Insel im Schweriner See?

  6. Aus welchem Material ist der gotische Dom in Schwerin gebaut worden?

  7. Wo findet das FiSH-Festival statt?

  8. Was wird „das Weiße Gold von Rügen“ genannt?

  9. Welche Bundesländer grenzen an Mecklenburg-Vorpommern?

  10. Wie wird die Kartoffel in diesem Bundesland genannt?

 

Schreib mal was!

In dieser Übung können die Schüler ihre schriftlichen Fähigkeiten durch kreatives Schreiben verbessern. Die folgenden Schreibaufgaben können allein oder zu zweit erledigt werden.

  1. Du bist mit einer Freundin am Strand. Schreibe eine SMS an eine andere Freundin und erzähle, was so los ist.

  2. Mein Lieblingsfischrezept. Welche Zutaten brauchst du und wie machst du das Fischgericht?

  3. Ein Interview mit Caspar David Friedrich. Finde mehr über den berühmten Maler heraus und verwende deine Informationen in dem Interview.

 

Sag mal was!

Bildbeschreibung

Die Schüler können sich ein Bild des Künstlers Caspar David Friedrich aussuchen und eine Bildpräsentation machen.

Tipps für eine Bildbeschreibung: Schau das Bild eine Weile an.

 

Notiere einige Stichworte:

a) Worum geht es? (Porträt, Landschaftsbild ...)
b) Stimmung (froh, düster, ruhig, gefühlvoll ...)
c) Welche Dinge fallen auf? (Gebäude, Personen, Natur …)
d) Wo ist der Fokus des Bildes?
e) Welche Farben fallen auf?
f) Welche Stilmittel sind zu erkennen? (Kontraste, Spiegelungen, Maltechnik ...)
g) Was drückt das Bild aus?
h) Wie wirkt das Bild auf den Betrachter?

 

Zum Schluss:

Eine Bildbeschreibung schreibt man im Präsens. Benutze Wörter wie: es scheint, es könnte, ich glaube, es wirkt wie, so als ob ...

Die verwendeten Farben müssen genau beschrieben werden, wie feuerrot, ein sanftes Blau, giftiges Grün, pastellgelb, tiefschwarz, blendend weiß ...

 

 

Niedersachsen

 

Worum geht’s?

 

In den Aufgaben „Worum geht’s?“ können die Schüler mündlich oder schriftlich, individuell oder in der Gruppe arbeiten. Hier geht es darum, den Textinhalt zu besprechen.

  1. Was sind Hannoveraner, Friesen und Oldenburger?

  2. Welches Gemüse mögen die Niedersachsen besonders gern?

  3. Wofür steht die Abkürzung VW?

  4. Was hat der Rattenfänger von Hameln mit den Ratten gemacht?

  5. Was macht man bei einer Wattwanderung?

  6. Was ist eine Heidschnucke?

  7. Wie heißt die Landeshauptstadt von Niedersachsen?

  8. Was ist die CeBit und wo findet sie statt?

 

Schreib mal was!

In dieser Übung können die Schüler ihre schriftlichen Fähigkeiten durch kreatives Schreiben verbessern. Die folgenden Schreibaufgaben können allein oder zu zweit beantwortet werden. Die Schüler wählen das Genre selbst.

  1. Schreibe eine Geschichte mit dem Titel „Meine erste Wattwanderung“.

  2. Mein Lieblingsrezept mit Äpfeln.

  3. Ein Pferd aus Niedersachsen erzählt seine Geschichte. Wo in Niedersachsen wurde das Pferd geboren? Welche Orte in Niedersachsen hat das Pferd besucht? Wo ist es schön in Niedersachsen? Wie sieht das Bundesland aus?

  4. Interview mit einem Tierpfleger im Zoo von Hannover. Was kann er über das Leben der Tiere in diesem Zoo erzählen?

 

Du bist dran!

Der Rattenfänger von Hameln

 

Die Schüler arbeiten in Gruppen. Jede Gruppe soll einen Dialog zum Märchen Der Rattenfänger von Hameln schreiben und Kostüme zusammensuchen.

Die Gruppen machen einen Film vom Märchen und präsentieren den Film der Klasse.

 

 

Nordrhein-Westfalen

 

Worum geht’s?

In den Aufgaben „Worum geht’s?“ können die Schüler mündlich oder schriftlich, individuell oder in der Gruppe arbeiten. Hier geht es darum, den Textinhalt zu besprechen.

  1. Wie heißt die Landeshauptstadt von Nordrhein-Westfalen?

  2. Nenne drei bekannte Personen aus Nordrhein-Westfalen.

  3. Was geschah mit dem Komponisten Beethoven, als er 49 Jahre alt war?

  4. Was war der Anlass für das Lied „99 Luftballons“, und wer singt das Lied?

  5. Wie hieß die Stadt Köln im Mittelalter?

  6. Was ist das Ruhrgebiet und welche Städte gehören zu dem Gebiet?

 

Schreib mal was!

In dieser Übung können die Schüler ihre schriftlichen Fähigkeiten durch kreatives Schreibens verbessern. Die folgenden Schreibaufgaben können allein oder zu zweit beantwortet werden.

  1. Mache eine Werbung für das Bundesland Nordrhein-Westfalen.

  2. Ich liebe Mode! Beschreibe einen netten Shoppingtag in Düsseldorf. Welche Geschäfte besuchst du? Was siehst du? Was probierst du an? Was kaufst du?

  3. Schreibe eine Geschichte mit dem Titel „99 Luftballons“. Benutze gern das Lied als Inspirationsquelle.

 

Sag mal was!

Musikaufgabe

Die Schüler arbeiten in kleinen Gruppen. Jede Gruppe wählt ein Musikstück von Beethoven aus und spielt das Stück der Klasse vor.

Die Gruppen sollen auch etwas über das Stück erzählen (z. B. über den Titel, wann es geschrieben wurde, wie es aufgebaut ist …) und die Musik in Worten beschreiben.

 

Rheinland-Pfalz

 

Worum geht’s?

In den Aufgaben „Worum geht’s?“ können die Schüler mündlich oder schriftlich, individuell oder in der Gruppe arbeiten. Hier geht es darum, den Textinhalt zu besprechen.

  1. Wie heißt die Hauptstadt von Rheinland-Pfalz?

  2. Was ist ein Riesling?

  3. Wer war die Loreley?

  4. Zwei der ältesten Städte Deutschlands befinden sich in diesem Bundesland. Welche?

  5. Was ist die Porta Nigra?

  6. Was kann man auf der Burg Cochem machen?

  7. Wer war Karl Marx?

  8. Wofür ist Johannes Gutenberg bekannt?

 

Schreib mal was!

In dieser Übung können die Schüler ihre schriftlichen Fähigkeiten durch kreatives Schreiben verbessern. Die folgenden Schreibaufgaben können allein oder zu zweit geschrieben werden.

  1. Schreibe das Gedicht von Heine so um, dass es eine Erzählung wird.

  2. Das Abenteuer auf der Burg Cochem.

  3. Stell dir vor, dass du eine Reise durch das spannende Bundesland Rheinland-Pfalz gemacht hast. Von welchen Erlebnissen möchtest du erzählen?

    Überschrift: Meine Reise durch Rheinland-Pfalz.

 

Sag mal was!

Eine Präsentation über Karl Marx

Bei dieser Aufgabe sollen die Schüler eine mündliche Präsentation über das Leben und Werk von Karl Marx machen.

Folgende Punkte müssen dabei sein:

  • Wann und wo wurde er geboren?

  • Wie war sein Leben?

  • Was hat er geschrieben?

  • Einen Text aus „Das Kapital“ vorlesen und kurz erklären.

 

 

Saarland

 

Worum geht’s?

In den Aufgaben „Worum geht’s?“ können die Schüler mündlich oder schriftlich, individuell oder in der Gruppe arbeiten. Hier geht es darum, den Textinhalt zu besprechen.

  1. Was ist Dibellabbes?

  2. Welche Stadt ist die Landeshauptstadt des Saarlandes?

  3. Was ist die Saarschleife?

  4. Wer ist Werner Freund und warum ist er bekannt?

  5. Beschreibe das Klima in dieser Region.

  6. Was ist ein Menhir?

  7. Wo befindet sich die Alte Brücke?

  8. Was weißt du über die Nationalität des Saarlandes in den vergangenen 200 Jahren?

 

Schreib mal was!

In dieser Übung können die Schüler ihre schriftlichen Fähigkeiten beim kreativen Schreiben verbessern. Die folgenden Schreibaufgaben können allein oder zu zweit bearbeitet werden.

  1. Mache einen Wetterbericht aus dem Saarland. Wie wird das Wetter in der kommenden Woche?

  2. Schreibe eine E-Mail an Werner Freund, in der du ihm Fragen zu seinen Wölfen stellst.

  3. Ein Tag in Saarland: Was hast du erlebt? Schreibe ein Reisetagebuch.

 

Sag mal was!

Eine digitale Präsentation

Die Schüler können eine Spezialität aus dem Saarland auswählen und eine digitale Präsentation mit Bildern dieser Spezialität erstellen.

Danach sollen sie die digitale Präsentation der Klasse zeigen und die Bilder mündlich kommentieren.

Die Schüler können auch ein Rezept aussuchen und beschreiben, wie man das Essen zubereitet.

 

 

Sachsen

 

Worum geht’s?

In den Aufgaben „Worum geht’s?“ können die Schüler mündlich oder schriftlich, individuell oder in der Gruppe arbeiten. Hier geht es darum, den Textinhalt zu besprechen.

  1. Warum heißt die Spezialität aus Pulsnitz Pfefferkuchen, obwohl gar kein Pfeffer darin ist?

  2. Wie heißt die Landeshauptstadt von Sachsen?

  3. Nenne zwei berühmte Bauwerke aus Dresden.

  4. Wer ist Uwe Tellkamp?

  5. Wer hat „Tannhäuser“ und „Der Fliegende Holländer“ geschrieben?

  6. Welche Sportarten haben Michael Ballack, Ricco Groß und Jens Weißflog betrieben?

  7. Bei welchem historischen Ereignis Ende der 1980er-Jahre haben die Sachsen eine wichtige Rolle gespielt?

  8. Was hat Karl May gemacht?

 

Schreib mal was!

In dieser Übung können die Schüler ihre schriftlichen Fähigkeiten durch kreatives Schreiben verbessern. Die folgenden Schreibaufgaben können allein oder zu zweit beantwortet werden. Die Schüler wählen das Genre selbst.

  1. Höre ein Stück von Johann Sebastian Bach und versuche die Stimmung in einem Text wiederzugeben.

  2. Finde ein Rezept aus Sachsen und übersetze es ins Norwegische.

  3. Mein Tag in einer Stadt in Sachsen.

 

Sag mal was!

Musikaufgabe
Die Schüler arbeiten in kleinen Gruppen. Jede Gruppe wählt ein Musikstück von Richard Wagner aus und spielt der Klasse eine Aufnahme des Stücks vor.

Die Gruppen sollen etwas über diese Musik erzählen (z. B. den Inhalt, wann es geschrieben wurde, wie es aufgebaut ist …) und die Musik mündlich beschreiben.

 

Zeichne mal was!

Mein eigenes Porzellangeschirr

Die Schüler können ihr eigenes Porzellangeschirr zeichnen und es der Klasse mündlich präsentieren.

 

 

Sachsen-Anhalt

 

Worum geht’s?

In den Aufgaben „Worum geht’s?“ können die Schüler mündlich oder schriftlich, individuell oder in der Gruppe arbeiten. Hier geht es darum, den Textinhalt zu besprechen.

  1. Was sind Halloren-Kugeln?

  2. Wie heißt die Hauptstadt von Sachsen-Anhalt?

  3. Wodurch ist Martin Luther bekannt?

  4. Was ist die „Grüne Zitadelle“?

  5. Kann man Garley essen oder trinken?

  6. Warum ist die Stadt mit dem Namen Quedlinburg immer einen Besuch wert?

  7. Wohin geht man, wenn man das Nachtleben mag?

  8. Wann und wo wurde die heute älteste Schokoladenfabrik Deutschlands gegründet?

 

Schreib mal was!

In dieser Übung können die Schüler ihre schriftlichen Fähigkeiten durch kreatives Schreiben verbessern. Die folgenden Schreibaufgaben können allein oder zu zweit durchgeführt werden.

  1. Mache ein Rap über die leckere Halloren-Kugel.

  2. Stell dir vor, dass du mit Martin Luther im Café bist. Welche Fragen stellst du ihm?

  3. Beschreibe eines der Fachwerkhäuser in Quedlinburg.

 

 

Schleswig-Holstein

 

Worum geht’s?

In den Aufgaben „Worum geht’s?“ können die Schüler mündlich oder schriftlich, individuell oder in der Gruppe arbeiten. Hier geht es darum, den Textinhalt zu besprechen.

  1. Wer war Emil Nolde?

  2. Wer hat die „Buddenbrooks“ geschrieben und wovon handelt das Buch?

  3. Nenne drei Spezialitäten aus Schleswig-Holstein.

  4. In welcher Stadt steht das Holstentor?

  5. Was ist die Kieler Woche?

  6. Wo findet der weltweit größte Wettkampf der Windsurf-Profis statt?

  7. Was war „die Brücke“?

  8. Wohin kann man von Kiel aus mit der Fähre fahren?

  9. Wo kann man in Schleswig-Holstein einen Weihnachtsmarkt besuchen?

  10. Was kann man auf einem Weihnachtsmarkt erleben?

 

Schreib mal was!

In dieser Übung können die Schüler ihre schriftlichen Fähigkeiten durch kreatives Schreiben verbessern. Die folgenden Aufgaben können allein oder zu zweit geschrieben werden. Die Schüler wählen das Genre selbst.

  1. Ein Tag auf Sylt.

  2. Auf dem Weihnachtsmarkt in Lübeck.

  3. Ein Besuch auf der Kieler Woche.

 

Sag mal was!

Eine Bildpräsentation

Die Schüler suchen ein Bild des Künstlers Emil Nolde aus und machen eine Bildpräsentation. Sie können allein oder in kleinen Gruppen arbeiten.

 

Tipps für eine Bildbeschreibung:

Schau das Bild eine Weile an. Notiere einige Stichworte:

a) Worum geht es? (Porträt, Landschaftsbild ...)
b) Stimmung (froh, düster, Ruhe, Mitleid ...)
c) Welche Dinge fallen auf? (Gebäude, Personen, Natur …)
d) Wo ist das Bildzentrum?
e) Welche Farben fallen auf?
f) Welche Stilmittel sind zu erkennen? (Kontraste, Spiegelungen, Maltechnik ...)
g) Was drückt das Bild aus?
h) Wie wirkt das Bild auf den Betrachter?

 

Zum Schluss: Eine Bildbeschreibung schreibt man im Präsens. Benutze Wörter wie: es scheint, es könnte, ich glaube, es wirkt wie, als ob ...

 

 

Thüringen

 

Worum geht’s?

In den Aufgaben „Worum geht’s?“ können die Schüler mündlich oder schriftlich, individuell oder in der Gruppe arbeiten. Hier geht es darum, den Textinhalt zu besprechen.

  1. Wie heißt die Landeshauptstadt von Thüringen?

  2. Was ist der Jen-Tower?

  3. Wer war Friedrich Wilhelm Fröbel?

  4. Warum wird das Bundesland „das grüne Herz von Deutschland“ genannt?

  5. Woraus besteht die Thüringer Bratwurst?

  6. In welcher Stadt lebten Goethe und Schiller?

  7. Was produziert die Firma Carl Zeiss?

  8. Was ist typisch für den Bauhaus-Stil?

 

Schreib mal was!

Bei dieser Übung können die Schüler ihre schriftlichen Fähigkeiten durch kreatives Schreiben verbessern. Die folgenden Schreibaufgaben können allein oder zu zweit beantwortet werden.

  1. Eine spannende Übernachtung im Thüringer Wald.

  2. Werbeplakat: eine Sehenswürdigkeit in Thüringen.

  3. Eine Beschreibung des Autos Wartburg.

 

Zeichne mal was!

Mithilfe des Zeichenprogramms Google SketchUp kann man einen Architektenwettbewerb in der Klasse veranstalten.

Alle Schüler können Bauhaus-inspirierte Gebäude erstellen und diese der Klasse präsentieren.

 

Eigenevalueringsskjema

Film og musikk

Film i tyskundervisninga

Gjennom å vise film i framandspråksundervisninga får elevane høve til å høyre autentisk tysk og trene på dei munnlege ferdigheitene. Til mange av tema i Weiter geht’s finst det gode og aktuelle tyske filmar som kan gi ein fin variasjon i undervisninga.

Til mange av filmane finst det studieark med samandrag av filmen, informasjon om skodespelarane og forslag til oppgåver, til dømes på nettsida bpd.de (Bundeszentrale für politische Bildung).

 

Forslag til filmoppgåver

Skriveøvingar:

  • skrive ei filmmelding eller generelle kommentarar til filmen
  • skrive eit samandrag av filmen
  • velje ut ein person i filmen og skrive eit fiktivt intervju med vedkommande
  • skrive eit brev eller ein e-post til ein av karakterane i filmen
  • skrive ein alternativ slutt
  • setje om delar av filmen til norsk

 

Munnlege øvingar:

  • lage eit munnleg samandrag av filmen
  • presentere ein av skodespelarane munnleg
  • spele ein del av filmen som skodespel i klassen
  • lage fiktive intervju med regissøren eller med ein av skodespelarane eller karakterane i filmen

 

Lytteøvingar:

  • høyre etter spesielle ord og uttrykk
  • leggje merke til dialektskilnader
  • lytte til spesielle grammatikktema

 

Dersom du ønskjer å lære meir om korleis ein kan bruke film didaktisk, kan du lese meir om filmanalyse på nettsida til Goethe-Institut (PDF).

 

Musikk i tyskundervisninga

Gjennom å bruke musikk i framandspråksundervisninga får elevane høve til å høyre autentisk tysk og trene på dei munnlege ferdigheitene. Bruk av musikk er også med på å skape ein fin variasjon i undervisninga. Før du vel ut den musikken du vil spele for klassen, bør du stille deg følgjande spørsmål:

 

1. Kva ønskjer eg å oppnå ved å bruke musikk i undervisninga?

  • avslapping
  • leik og rørsle
  • song
  • kreativitet
  • variasjon
  • auke tekst-/ordforståinga
  • arbeide med eit spesielt tema
  • arbeide med oppgåver (sjå forslag nedanfor)

 

2. Kva kan ein gjere mens ein lyttar til musikken?

  • høyre heile songen
  • høyre songen vers for vers
  • høyre berre refrenget
  • høyre og sjå (musikkvideo)

 

utan tekst:

  • skrive stikkord som skildrar musikken
  • identifisere instrument

 

med tekst:

  • syngje
  • setje vers i rett rekkjefølgje
  • utfyllingsoppgåver (fylle ut med ord i teksten som manglar)
  • kjenne att ord og uttrykk (krysse av på skjema)

 

3. Kva kan ein gjere etter at ein har høyrt på musikken?

  • lage eigne spørsmål til songen
  • svare på utdelte spørsmål
  • lære songen eller delar av songen utanåt
  • syngje songen
  • skrive dialogar som er baserte på songen, og spele dei for klassen
  • svare på multiple-choice-spørsmål
  • klassesamtale om teksten
  • skildre musikken eller kjensler som musikken vekkjer
  • lage ein eigen versjon av songen
  • visualisere innhaldet (digital presentasjon, collage)
  • gloseøvingar
  • grammatikkoppgåver (setje verb i andre tider, markere alle personlege pronomen eller andre ordklassar, endre adjektiva)
  • skrive ein kommentar, tolking eller melding av songen
  • setje om teksten eller delar av teksten til norsk

 

Biletanalyse